Israel og Palestina - føredrag av Trond Bakkevig


Israel og Palestina - føredrag av Trond Bakkevig


Kvinnherad sokneråd inviterer til føredrag i Guddals-tunet på påskeafta. Trond Bakkevig vil snakka om
«Jerusalem, stormaktspolitikk og kyrkjehistorie».

Trond Bakkevig er teolog med doktorgrad, som mellom anna handlar om spørsmål rundt krig og fred. Han har vore generalsekretær i Mellomkirkelig råd, personleg rådgjevar for utanriksministrane Frydenlund og Stoltenberg, medlem i Sentralkomiteen for Kirkenes verdensråd, sokneprest i Røa menighet i Oslo og prost i Vestre Aker prosti i mange år. Han har vore engasjert i konfliktane i Sør-Afrika, på Balkan og i Midtausten. I Midtausten har han vore sentral i arbeidet med å tilretteleggja for dialog mellom religiøse leiarar i Palestina og Israel. Få kjenner historien og konflikten betre enn han.

Med kyrkjehistorien til Jerusalem som prisme, syner Bakkevig at politikken til stormaktene og kyrkjelivet i byen var og er vovne tett saman. Det kan hjelpa til med å forstå den internasjonale og historiske bakgrunnen for den aktuelle konflikten.

Fred i Det heilage landet er berre mogleg når dei to folka og dei tre religionane godtek og verdset at begge partar er knytte til landet både historisk og kulturelt.

Vi gler oss til å høyra meir, og læra meir om dette temaet!

Kvinnherad sokneråd

Tilbake