Nye-prosten i Sunnhordlandpodden


Nye-prosten i Sunnhordlandpodden


Arild Steinsland - om ungdomssatsing, presteteneste og softis med krokan – ein prat med prosten i Sunnhordland. 

Møt Arild Steinsland, den nye prosten i Sunnhordland! I denne episoden blir du betre kjent med mannen bak prestekragen – frå barndomens fascinasjon for ferjer til kjærleiken for softis med krokan.

Arild deler historia om korleis han fann vegen inn i presteyrket, opplevingane sine som prest i Nord-Noreg, og kvifor han ein gong vart persona non grata i Romania. Han gir også eit innblikk i kva som er det beste – og mest utfordrande – med prostetenesta.

Dei neste åra skal Sunnhordland prosti ha ekstra fokus på ungdom, og Arild vil gjerne høyre frå DEG om korleis det kan sjå ut i praksis. Har du gode idear? Send dei hans veg!

Vi får også høyre om hobbyane hans – frå sykkel og innebandy til korleis familien lagar kreative julevideoar. Og kva skjedde eigentleg då han fekk seg ein skikkeleg trøkk på sykkel?
Lytt inn for ei spennande og variert episode!
 

 

Tilbake