OPEN KYRKJE


OPEN KYRKJE


Husnes og Holmedal sokneråd ynskjer velkommen til ei open Husnes kyrkje!

Tysdag 28. januar klokka 19.00- 21.00 er du velkomen til å kome i kyrkja, og kjenne på kvile og ro. Du kan kome når du ynskjer, i tida kyrkja er open. Det er ikkje noko fastsett program, du kan bruke tida slik du vil; tenne lys, be ei bøn eller berre vera stille og lytte til musikken.

Det vil òg vera rom for samtale.

Me set fram kaffi og te.

Velkomen til kyrkja, midt i alt som er.

Tilbake