MILK - Minileiarkurs


MILK - Minileiarkurs


I kyrkja treng vi ungdommar som vil vera leiarar. I haust og neste vår tilbyr kyrkja i Kvinnherad eit leirakurs for ungdommar som heiter MILK – Minileiarkurs.

PÅMELDING HER

Kurset er utvikla av KFUK-KFUM, som er ein kristen organisasjon som arbeider mykje med kor og speidarar. Opplegget er svært godt og er kjekt å ha på CV’en seinare. Ein får diplom på gjennomført leiarkurs.

Omfang og temaer

MILK består av 8 kurskveldar på 2-2,5 timer, inkludert eit felles måltid. Kurskveldane er bygd opp rundt åtte tema:

* Ver deg sjølv
* Stå opp for andre
* Mange slag leiarar
* Ungt ansvar, voksent nærver
* Makt, kropp og grenser
* Leiar på leir
* Andaktskurs
* Gudstenesta og leiing 

Kor og når

Vi skal ha samlingar i bedehuset i Rosendal bedehus på fredagar, kl.15-17.30. Vi samlast etter skulen og lagar og et god mat i lag. Etterpå kan ein vera med på ungdomsklubben.

Datoar: 13. november, 4. desember

Pris og påmelding

Meld deg på HER

Kurset kostar kr. 100,- for kvar deltakar i haust og kr. 200,- for kvar deltakar etter jul.

Styre og evtentuelle turar

Dersom vi får fleire enn tre deltakarar,  får vi kr. 8000,- til kurset. Dersom vi klarar å få til eit styre av ungdommar, kan vi få ytterlegare kr. 450,- per medlem. Då kan vi kanskje finne på å reisa på ein kjekk tur i lag. Sjølvsagt slik som ungdomsstyret bestemmer.

Vaksen hovudleiar er Kjersti Brakestad Boge, sokneprest i Kvinnherad. Telefon: 952 62 022

Mail: kjersti.brakestad.boge@kvinnherad.kommune.no

Tilbake