Eg har ingen problem med å innrømma det: Eg er eit julemenneske. Kvart einaste år så langt tilbake eg kan hugsa, har eg gleda meg hemningslaust til jul.
Av Jørn Øyrehagen Sunde.
Medan nokre klagar over at jula byrjar altfor tidleg, eller at jula er kommersialisert og all fokus er på gåver, så går eg berre rundt og gliser frå julebrusen og julemarsipanen kjem i butikken til eg tek ned julepynten og verda vert svart og trist igjen i januar.
Ja, jula byrjar alt for tidleg. Men denne kritikken avviser eg lett. Årsaka er at vi ikkje lenger arbeider lite og lever godt på resten av julematen heilt til fasten. Det finnes til og med dei, som mor mi, som ryddar ut jula alt fyrste nyttårsdag. Eg er vel meir normal og ventar til 20. dag jul. Poenget er at vi i dag byrjar heller tidleg på jula og sluttar tilsvarande tidleg, heller enn å byrja seint og leva på jula utover seinvinteren. Det er berre ei forskyving av julemarkeringsperioden, og det må vera ganske uproblematisk.
Ja, jula er gjennomkommersialisert. Det er meir problematisk. Det byrja ein gong med at ein heldt jul med å ikkje arbeida meir enn høgst nødvendig, eta godt og lesa juleevangeliet på julekvelden. Så kom juletre, og så kom adventsstjerner, og julepynt både på treet og andre stadar i huset, julegåver og julemarispan, fleire og dyrare julegåver, adventskalenderar for barn, julelys på hus og i hage, adventskalendarar for vaksne, og så vidare.
Ja, jula har vorte eit pengejag. Men det har heile livet vårt vorte. Her er det mykje å rydda opp i. Av alle ting vi brukar unødvendig mykje pengar på, er kanskje jula til og med det mest fornuftige. For jula er lys, lukt, overrasking, og så mykje anna som gjer oss godt. Men i nettopp dette ligg òg det vanskelege: Einsemd. Den som ikkje får del i delinga av lys, lukt og overraskingar føler seg så endelaust einsam. Dette er jula si verkelege skuggeside, og som vi godt kan klaga over. For det er med skuggesida som med alt anna ved jula: Den bare reflekterer resten av samfunnsutviklinga.
Einsemd held på å verta vårt samfunn sitt store helseproblem. Eg vil ikkje seia at eg for 50 år sidan vart fødd inn i eit godt samfunn. For den gongen var det meir fattigdom, meir mobbing, vanskelegare å koma seg rundt om ein var fysisk eller psykisk sjuk. Men eg trur likevel det var mindre einsemd. For det var så lite som var perfekt då eg vaks opp. Ting var bra så lenge det ikkje var for gale. Heldigvis lever vi i dag i eit samfunn som knapt nokon har våga å drøyma om opp gjennom verdshistoria. Men krava, forventningane og draumane er no så store at vi kjenner oss hjelpelaust utilstrekkelege. Likevel set vi like store krav til alle andre som til oss sjølve. Dermed sit vi der, einsame, og skular einsamt på dei andre einsame. Og vi sit der i fleire leveår, i eit varmare hus, og med meir julepynt og juledekorasjonar enn nokosinne i verdshistoria, og har større sjanse for å døy av einsemd enn av lungekreft.
Heldigvis er dette lett å gjera noko med. Ein kan byrja med å senda eit jule-kort eller sjå nokon inn i augo og seia god jul. Eller ein gir julegåver til nokon bare fordi ein finn noko som vedkomande ville verta glad for å få, utan redsle for å skapa ein julegåveubalanse. Eller kanskje – dristigast av alt – invitera nokon heim på julekjeks. For einsemd er som hybelkaniner – den kan veksa umåteleg stor når den får liggja i fred inne i mørket, men forsvinn på ein blunk med ei solstråle og eit lite vindpust. Eit julekort eller ei julehelsing er altså nok til å fordriva einsemda den dagen.
Dette er lett å seia, vanskelegare å gjera. Men no har eg sagt det. Og juleønsket mitt er at både du og eg skal gjera det.
>>> Denne artikkelen står på trykk i julenummeret av Kyrkjelydsblad for alle sokna i Kvinnherad kommune. Du kan lesa heile bladet >>> HER <<<