Fyrste søndag i advent blir ein minnerik dag for alle i Kvinnherad! Ikkje berre er det Julematinè med Musikklaget på samfunnshuset i Rosendal om ettermiddagen, men også ein lys og varm Julekonsert i Kvinnherad kyrkje om kvelden.
Cantus Firmus tel idag 18 medlemmer frå mange delar av Kvinnherad, frå Halsnøy, Sunde, Rosendal, Omvikdal og Løfallstrand. Cantus Firmus har sunge ilag frå 2014 til idag og blir som alltid leia av sin musikalske leiar Rebekka Attramadal. Ho har utdanning som organist frå Griegakademiet og NTNU, og arbeider som organist i kyrkjene i Kvinnherad.
Rosendal Tweens er gjester, og byr på ei livleg tolking av både jul og julegleder. Dette er born mellom 11 og 13 år som har lege i hardtrening i heile haust for å vere i toppform til den store musikalske hendinga fyrste søndag i advent.
Andrè Eide, organist og pianist frå Tysnes er med på tangentar. Han vil dele av sin fabelaktige kopetanse både med akkompagnement og eigne musikkinnslag. Her blir songar frå både engelsk og amerikansk carol-tradisjon, gospel og gode norske julesongar. Her er verk av Jakob Sande, Nicolai Grundtvig og Trygve Hoff.
Vokalensemblet Cantus Firmus ynskjer velkomne til ein glitrande kveld!
Venleg helsing
Cantus firmus
v/Solfrid Hellesøy Siqveland