Velkomen til hausttakkefest i Kvinnherad kyrkje søndag 20. okt kl.11.00.
Spesielt velkomen til 4- og 5-åringar i Kvinnherad sokn. Dei som kjem får ein kjempefin barnebibel på nynorsk av Alf Kjetil Walgermo.
Bygdekvinnelaget har pynta til hausttakkefest og det skal vere kyrkjekaffi, med kaker, saft og kaffi. Og så kjem 2 barn som skal døypast.
Vi gler oss til søndag og til å sjå deg i kyrkja. «I morgen er det søndag, det skinner over jord, den deiligste av dagene for liten og for stor. Med kirkeklang og klokkeklang og tur i skog og hei. I morgen er det søndag og all verden gleder seg.»