Teologistudent frå Varaldsøy


Møt Astrid Elisabeth Wilborn, 37 år, som no studerer til prest.

Astrid skreiv andakten i Kyrkjelydsbladet hausten '24. Det kan du lesa HER.

Me veit at det er til dels stor mangel på prestar her i landet, og ser i avisene at det stadig er utlysing av ledige stillingar over heile Noreg. Då er det kjekt at ei jente som bur på Varaldsøy, no er i gang med teologistudium på Norsk Lærarakademi i Bergen. Nyleg møtte eg Astrid Elisabeth Wilborn for å prata litt om dette.

Kan du seia litt om deg sjølv, for dei som ikkje kjenner deg?
Ja, eg heiter Astrid Elisabeth, er 37 år, gift med Nikolai, og har slekts-røtene mine her på Varaldsøy. Tidlegare har eg budd i Oslo, Bergen og Trøndelag. Eg studerte historie på universitetet i Bergen. Då eg budde i Trøndelag, jobba eg ein god del i organisasjonen Ungdom i Oppdrag.

Korleis kom du på tanken om å studera teologi?
Etter at me flytta hit til Varaldsøy, hadde eg jobb som nattevakt på Stendi, som held til i lokala til tidlegare Varaldsøy Aldersheim, Heimly. Etter ein ryggskade vart eg sjukemeld. Då fekk eg råd av både sjefen og legen min om å ta vidareutdanning. Kva skulle eg då velja? Det var liksom ikkje noko spesielt som fenga og lokka meg... Så då bad eg til Gud: Kva skal eg bruka resten av livet mitt til? Ein dag eg sat og søkte på nettet, låg plutseleg NLA sitt opplegg for teologistudium framfor meg! Dette ville eg prøva, og sende inn søknad. Det eg ikkje visste, var at søknadsfristen var gått ut... Men etter ein telefon til Lærarakademiet ordna det seg, og eg fekk plass likevel, og kunne starta studiet i fjor haust.  Og det vil eg seia: Dette er ein god plass å vera student!

Korleis er opplegget for studiet?
Eg reiser til Bergen to dagar i veka på førelesningar, og elles kan eg lesa heime ved hjelp av internett. No er det og praksis kvart år, og eg har hatt sokneprest Kjersti Brakestad Boge og prost Svein Arne Theodorsen som rettleiarar. Denne sommaren fekk eg vera prestevikar på Tysnes. Til vanleg er det 3.års studentar som får vera det, men på gunn av alderen min og røynsle frå Ungdom i Oppdrag, meinte prosten at eg kunne få prøva meg.

Kva tankar sit du igjen med etter denne sommarjobben?
Eg kjende meg svært velkommen, og vart veldig godt teken vare på av alle eg samarbeidde med! Eg har hatt vanlege gudstenester, også med dåp og nattverd. Særleg å forretta nattverd fylte meg med høgtid og ærefrykt, kjende at eg fekk vera med på noko stort! Det var også spesielt å har ansvaret for gravferd, å få møta folk som er i sorg etter å ha mista nokon dei var glade i.  Eg kan godt innrømma at eg var veldig nervøs framfor dei første tenestene....men eg fekk oppleva ein heilt spesiell fred når eg kom i gang.

Kva tenkjer du om framtida?
Det er jo mangel på prestar, og såleis eit "trygt" yrke å utdanna seg til. Eg håpar jo å kunna få jobb her i Kvinnherad - men det er jo ei god stund til eg er ferdig, studiet tek 6 år.

Me ynskjer Astrid Elisabeth lukke til vidare med utdanninga ho er i gang med!

 

Tilbake