Oppstart av sorggrupper


I haust ynskjer Kyrkja i Kvinnherad å tilby to ulike sorggrupper der pårørande kan treffe andre "i liknande situasjon".

Det vert to ulike sorggrupper som startar opp i starten av oktober (dersom nok påmelde):
- For enker, enkemenn og tap ved død av livspartner
Påmelding seinast søndag 29. september   Les meir her >>>

- For vaksne pårørande etter sjølvmord og ulykker 
Påmelding seinast søndag 29. september  Les meir her >>>

Sorg og store tap gjer noko med oss. Ei sorggruppe gjev støtte og fellesskap. Det er viktig for heling å kjenna tilknyting til andre menneske. Vi har ulike meistrings-strategiar og vi ynskjer å fremme desse.

Ei sorggruppe er ein møtestad der pårørande kan treffe andre «i liknande situasjon». Prata om det ein har opplevd og den ein har mista, utveksla erfaringar, råd og informasjon om korleis ein kan handtera situasjonen, og ventilera reaksjonar og utfordringar saman med andre som forstår ein. Sorggruppa kan gje livsmot og håp ved at ein ser og høyrer at det er mogeleg å komma vidare i livet etter å ha mista nokon av sine kjære.

For meir informasjon, ta kontakt med 
diakonimedarbeidar Ingunn Koløy tlf. 476 22 519

PÅMELDING KLIKK HER >>> 
eller ta kontakt på 90 53 19 10 (ikkje SMS)
eller send mail til post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no

Tilbake