Fjellgudsteneste på Vardhaugselet


Laurdag 18. mai kl. 13.00 er det muleg å kombinere fjelltur og Gudsteneste.

Det er blitt ein tradisjon at ein i løpet av våren har gudsteneste i, eller ved Vardhaugselet. Om det vert inne i selet eller utanfor er det veret som avgjer. Denne tradisjonen er eit samarbeid mellom interesselaget og kyrkja. Etter gudstenesta vert det servert kaffi og det er tid til ein god drøs i fjellet.

>>> Korleis kjem du deg til Vardhaugselet? Sjå her: https://ut.no/sted/142068/vardhaugselet

 

Tilbake