Pinsedag (søndag 19. mai) vert det gudsteneste i Kvinnherad kyrkje kl 11.00. Etterpå går turen til steinbrotet på Nes der det vert kyrkjekaffi
På pinsedag vert det festgudsteneste i Kvinnherad kyrkje. Koret Glimrah vert med og syng i frå latinsk messe i E-moll av Kjersti Follesø. Det er ei fin måte å feira 1000 år med kyrkjer i Noreg. Etterpå skal vi ned til steinbrotet på Nes og ha kyrkjekaffi. Dit kjem også Rosendal songlag og skal synge vakre nasjonalromantiske songar for oss. Då skal vi avduka informasjonsplakaten om steinbrotet og Gunnar Stautland frå Geopark Sunnhordaland vil fortelje om og vise oss samanhengane mellom kyrkja og steinbrotet. Det er og mogeleg å få sjå på alle dyra på Garden Norbø. Soknerådet vil hjelpe til med transport frå kyrkja til Nes for dei som synst det er langt å gå.
Pinse er den tredje kristne høgtida, då Den Heilage Ande vart sendt til læresveinane. Sidan har kristendomen spreidd seg utover i heile verda, utover landegrenser, til forskjellige språk og kulturar. Ein seier ofte at pinsa er kyrkja sin fødselsdag.
Til Noreg kom kristendomen først kring 800-talet med slavar og kristne munker i frå Irland og England. Olav Haraldsson, seinare Olav den Heilage, fekk med seg biskopar til Noreg for å laga ein kristenrett. Det var eit viktig ledd i danninga av Noreg som nasjon og rettssamfunn. I 1024 hadde dei eit ting på Moster som samla dei viktigaste aktørane i det norske riket og sette ein kristenrett. Den finst ikkje skriftleg, men vert referert til i dei seinare lovtekstane. Frå då skulle alle i riket vera kristne og leva etter kristne reglar. Kongen fastsette og ein rekke reglar for kyrkjer og prestar. I kvart fylke skulle det vere fylkeskyrkjer og fjerdingskyrkjer. Og det vart veldig raskt bygd mange kyrkjer i Noreg. I Kvinnherad vart det då bygd ei fjerdingskyrkje. Dei andre kyrkjene i fylket var Støle kyrkje i Etne, Moster kyrkje på Bømlo og ei kyrkje i Kvam. På 1200-talet vart Kvinnherad, Støle og Moster kyrkje bygd i stein. Og Kvinnherad kyrkje vart då pynta med kleberstein i frå Nes.
Vel møtt til gudsteneste i Kvinnherad kyrkje og kyrkjekaffi på Nes på pinsedag!
Helsing sokneprest Kjersti Brakestad Boge