Fjelberg og Eid sokn, i samarbeid med Misjonsalliansen, ynskjer velkomen til Fjelbergstemnet 2. pinsedag, 20. mai.
Det vert gudsteneste i Fjelberg kyrkje på føremiddagen. Etter gudstenesta går vi i prosesjon til kaia og helsar Verdiseglasen god tur vidare. Så vert det sal av middag og kaffi i prestegarden før ettermiddagsmøtet i kyrkja. Talar er Arnt Jerpstad, dagleg leiar i Alliance Microfinance. Kvartetten «Ære» frå Kvinnherad syng både på gudstenesta og ettermiddagsmøtet. Gudstenesta vert leia av sokneprest Carsten Mrusek. Kantor er Eva Megyesi. Kystpilegrimsprest Einar Vegge og prost Svein Arne Theodorsen tek del. Både på gudstenesta og ettermiddagsmøtet vert det høve til å gje misjonsoffer til Misjonsalliansen.
Det går ferje frå Utbjoa, Sydnes og Borgundøy med retur etter stemnet.
Hjarteleg velkomne til Fjelbergstemnet!
Svein Arne Theodorsen
Prost i Sunnhordland