I vår verd må nokon forlata hus og heim og starta kvardagen på ein ny stad. Me møter Antonina og Nataliia for å snakka om påsketradisjonar frå heimlandet Ukraina.
Yevhen var med som tolk. Vi møttest i Husnes kyrkje og hadde ein kjekk og livleg prat både om musikk og ein del om kva jobbar dei hadde heime i Ukraina og ikkje minst om påske.
Tradisjonane sit sterkt i folk i Ukraina. Ikkje som i Noreg, ler Nataliia, med appelsin og påskekrim. Men vi bakar påske-kake med rosiner og melis på toppen. Antonina bryt inn, jau, vi et appelsin. Yevhen er ikkje enig, men kanskje mandarin. Ja, det kjem fram at når det gjeld mat, så er tradisjonane ulike rundt om i landet.
Men det skal alltid vera mykje og variert mat på bordet i påsken. Og så maler vi påskeegg. Det finnes to typar; Krashanki, som er hardkokte egg som blir malt i éin farge og seinare brukt til mat. Pysanky er rå egg som blir malt og dekorert. Det er tradisjonelle mønster som er ulike frå landsdel til landsdel. Det er litt vanskelege mønster, men Yevhen meiner dei fleste kjøper ferdig dekor og limer rundt egget. Det er ikkje så vanskeleg, flirer han. Den viktigaste tradisjonen, er å vera saman. Ungdomane og andre som er bortreist på skule eller arbeid, kjem heim, for å feire påske saman med familien.
Hovudbodskapen for påsken er at Jesus døydde og stod opp for oss. Nesten alle går til kyrkja i påsken. Dette er ein plass å møte vener og helsa på kjenningar som er heime på ferie. Presten går rundt kyrkja med vievann og velsignar folka.
Frå skjærtorsdag til påskeafta er tradisjonen at prestane går i svarte klede. Påskemorgon kler dei seg i kvitt og gull. Det er små variasjonar i dei ulike kyrkjesamfunna. Dei vaksne helsar kvarandre med å seia «Kristus er oppstått» tre gonger og kysser kvarandre tre gonger på kinnet. Så går dei heim og et festmåltid. Før påske et vi ikkje noko kjøt eller egg, men påskedag er det gjerne forskjellig kjøt på bordet. For nokon er det svinekjøt og andre har lam eller kalkun som hovudrett.
Ei veke etter påske samlast nesten alle på gravplassane og minnes sine døde. Då legg dei godteri og dei fine dekorerte påskeegga på gravene. Barna har det moro med å gå rundt og samla godsaker. Denne dagen lukar dei og klypper graset og vaskar gravminna og pyntar med blomar. Dette er også ein viktig tradisjon som alle er med på.
Antonina, Nataliia og Yevchen helsar alle «GOD PÅSKE! KRISTUS ER OPPSTÅTT!»
Airin Zimmer