Vi møter tidlegare sokneprest, Halvor Medhus, på Rosendalstunet. Halvor er 86 år og kan sjå tilbake på mange innhaldsrike år som sokneprest i det som var Husnes prestegjeld.
Påske, saman med pinse og jula, var eit av høgdepunkta i kyrkjeåret. Det var ei travel tid med mange gudstenester og møte. Det gjekk i eitt frå palmehelga til høgtidsgudstenesta 1. påskedag. Halvor var ikkje med på friluftsgudstenester i fjellet. Det var noko res.kap Olav Seim starta med før hans tid.
Halvor Medhus har mange minne frå prestetenesta si. Han er fødd i Jostedalen der far hans, Svein Medhus, var prest før han vart utnemnd til sokneprest i Kvinnherad sommaren 1952. Alle i syskenflokken hans på fem lever. Dei siste åra har Halvor vore fast beburar på avdelingen Solfjell på Rosendalstunet. Her har han det godt, les lokalavisa, møter og snakkar med mange kvar dag. Alle vil snakka med «gamlepresten» og sjølv om helsa sviktar, har han eit godt minne, særleg om det som ligg litt tilbake i tid. Annankvar tysdag er Halvor fast gjest på Syng med oss. Andaktane i kapellet er eit anna fast innslag.
Halvor gler seg over alt det nye som skjer i kyrkja i dag, påske-vandringar og konsertar. Det var mindre av det i hans tid. Av klokkarane minnest han særleg Trygve Teigen, ein mann med ordet i si makt. Presten las tekstane, men frivillige hjelpte til med andre gjeremål. Ei presteteneste fører til eit stort nettverk. Halvor har vore innom mange heimar i sorg og glede. Det kunne vera krevjande mange gonger då han måtte gå med syrgjebodskapen.
Gudstenestene på Valen sjukehus kunne vera spesielle. Før velferdsbygget med kapell var på plass var alle gudstenestene på ein sal i eit av dei gamle bygga. Han var også rundt på avdelingane og hadde møte. Mange av brukarane var langtidspasientar, menneske han møtte igjen over mange år.
Eg (journalisten red.merk.) kjem til å sei at eg skal skriva Ord for helga til avisene for 4. sundag
i påsketida. Teksten er henta frå Johannes 13, 30 – 35. Då kjem det kjapt frå Halvor. - Ja, det som handlar om Jesu avskjedstale og Eit nytt bod gjev eg dykk. «...Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre…»
Halvor helsar alle God påske.
Kristian Bringedal