Mange stadar i kommunen kjem konfirmantar og ringer på dørene med bøssene sine. Andre stadar føregår innsamlinga digitalt.
Vi vil vere med og forandre noko for andre. Vi gjev litt av våre pengar for at andre skal få livsnødvendig hjelp.
Takk vere fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp var dei i fjor til stades med nødhjelp i jordskjelvet i Syria etter 4 timar. Det kunne dei også i jordskjelvet i Afghanistan. Dei kunne dele ut mat og vatn til flaumråka i Malawi. Dei kunne dele ut mat og teppe i Gaza. Dei har kunne dele ut varme teppe og vatn i Ukraina sidan den fyrste dagen etter at krigen starta.
Takk vere det store engasjementet til konfirmantar og kyrkjelyder, kan menneske få eit betre liv. Som i Libanon. Eit land som er sterkt prega av både krigen i Ukraina og Gaza.
Vi synst vi har fått dårlegare råd dei siste åra. I Libanon har bankane kollapsa og inflasjonen er heilt vill. I landsbyen Deir El Ghazal har Kirkens Nødhjelp bygd ein vasstank på 800.000 liter. Bønder kan igjen dyrke grønsaker og ungdomane har reint drikkevatn. I heile 40 år har landsbyen i Bekaadalen vore utan vatn. No spirar og gror det over alt.
Akkurat no gjer kyrkjelyder over heile Noreg seg klare til å gjere ein forskjell, omlag 40000 bøsseberarar går rundt og samlar inn pengar. Til å spreie håp i ei verd sterkt prega av nød og liding.
I årets fasteaksjon møter vi Rachel som bur i Bekaadalen. Ho er som ungdomar flest. Elskar å vere på mobilen og vere saman med vener. Ho fortel korleis det var å bu i landsbyen før dei fekk det livgjevande vatnet. Ho er eit godt eksempel på at det er håp i ein drope vatn, og at tilgang til vatn gjev store ringverknader. I tillegg til å halde seg frisk, kan ho drøyme og vere aktiv. Gjennom fasteaksjonen kan endå fleire få same moglegheiter som Rachel.
Støtt fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp 2024, «Håp i ein drope vatn» og ta vel imot konfirmantane som kjem.
Helsing sokneprest Kjersti Brakestad Boge
-------------------------------------------------------------
Sokneprest i Husnes og Holmedal sokn, Åse Selsvold, melder at konfirmantane i Husnes og Holmedal sokn byttar ut dør-til-dør-aksjon med SPLEIS! Folk i nød SKAL ha hjelp! Støtt Fasteaksjonen, saman med konfirmantane i Husnes og Holmedal sokn https://spleis.no/husnes
Konfirmantar vil og bli å treffa på Husnes storsenter fredag 15. mars og laurdag 16. mars. Då vert det kakelotteri til inntekt for Fasteaksjonen.