Komande onsdag er det mykje som skjer i Valen kyrkje; Babysong, Kyrkjekafé, Familiemiddag, Superhelt-gudsteneste og Ope Hus.
Valen kyrkje var rett nok med blant 20 finalistar i kåringa av Noregs styggaste kyrkjebygg for nokre år sidan, men arbeidskyrkja frå 1978 er veldig praktisk og god å bruke til mange ulike tilstellingar. Komande onsdag kjem dette svært så tydeleg fram.
Babysong og Kyrkjekafé
Om formiddagen samlast foreldre og babyar til Babysong i kyrkjerommet. Dette har blitt eit populært tiltak, og ein har samlingar onsdagar, annakvar gong i Valen kyrkje og på Rosendalstunet. Medan babyar og foreldre syng og leikar i kyrkjerommet, samlast ein trufast gjeng til Kyrkjekafé i Sjøsalen denne onsdagen. På godt sjømannskyrkje-vis inviterer soknerådet til vafler, kaffi og ein god drøs kvar tredje onsdag i månaden. Etter ei stund kjem dei som er på Babysong også inn i Sjøsalen og et saman med resten av dei frammøtte.
Familiemiddag og Superhelt-gudsteneste
I haust starta soknerådet opp med Familiemiddag éin ettermiddag i månaden. Kvardagen kan vera travel for mange. Kyrkja ynskjer å legga til rette for eit tilbod med middag og sosialt fellesskap med andre. Då kan ein melda seg på innan måndagen HER, og bli med på leik, middag og ein god drøs. Denne veka er det kyllingsuppe som står på menyen. Like etter middagen inviterer Trusopplæringa til Superheltgudsteneste, der 1.- og 2.-klassingar er spesielt inviterte, men alle er velkomne. Dette er ei gudsteneste der ein særleg har fokus på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, og det å hjelpa dei som lid naud i verda.
Ungdomar på Ope Hus
Onsdagar er og fast dag for ungdomsklubben Ope Hus i Valen kyrkje. Så ungdomane får æra av å runda av ein svært så aktiv dag i ei svært aktiv kyrkje.
Velkomen til dei ulike samlingane!
Jan-Ove Fagerheim
Dagleg leiar, kyrkjelydsarbeid