Temakveld med Jørn Øyrehagen Sunde


Søndag 26. mai kl. 18.00 vert det Temakveld i Kvinnherad kyrkje: "Frå Kristenretten på Moster 1024 til Landslova av 1274."

NB! ENDRA DAG I FORHOLD TIL TIDLEGARE ANNONSERT!

Undertittelen på Temakvelden er:
Religion, politikk, lov og byrjinga på den norske staten.

Kristenretten på Moster frå 1024 gjorde kristne verdiar til fundamentet for folk sin kvardag og handlemåtar. Kristenretten på Moster var like viktig gjennom korleis den på 1200-talet vart forstått som byrjinga på den norske lovgjevingstradisjonen og det norske kongedøme. Men aller viktigast var kanskje kristenretten på Moster for at det med Landslova av 1274 vart etablert eit styringssystem der konge og bøndene på tinget saman utforma politikk og lover. Ut mellomalderen vart dette forstått som ein grunnleggjande kontrakt mellom konge og innbyggjarar, og sjølve essensen i det å vera innbyggjar i det norske riket vart å vera underlagt Sankt Olavs lov og rett.

På temakvelden vert det song av Rebekka Attramadal.

GRATIS inngong. Det vert høve til å gi ei gåve ved utgongen. Overskotet går til «Fondet for små gleder».
Arr.: Kvinnherad sokneråd

 

TIPS:
Få og med deg historisk seminar i Baroniet laurdag 25. mai kl 12.00:
"750 års jubileum for Magnus Lagabøtes landslov"
Kva rolle spela Gaut Jonsson til Mel i Rosendal i norsk politikk og lovgjeving i Noreg på 1200-talet?
>>>LES MEIR HER<<<

Tilbake