Har du baby? Anna kvar onsdag kl.11 vert det babysong på Rosendalstunet.
Rosendalstunet kl. 11 00 - 12 30
15. og 29. september
27. oktober
10. og 24. november
Babysong har blitt eit populært tiltak. Det er mange som synest det er veldig kjekt og meiningsfullt å gå på med barnet sitt.
Vi er på Rosendalstunet fra kl. 11 00 – 12 30
Sangstunda er fra ca kl 11.30 – 12.00. Du kan sjølvsagt komma og gå når det passar deg og babyen.
Vi samlast i ein ring på matter på golvet, syng songar og regler i lag. Du kan gjerne ta med eit teppe som barnet ditt kan ligga på. Dei eldre samlar seg rundt oss og gleder seg stort over å sjå babyane.
Etterpå får vi kaffi/te. Ta med niste.