Gudsteneste og inn på tunet i Vågen på Skorpo


Kyrkjelyden talde ikkje så mange på friluftsgudstenesta i Vågen på Skorpo siste søndag i juli.

 

Varmen gjorde sitt og mange kvidde seg med å ta over Storsund når temperaturen passerte 30 varmegrader. Derimot var det to prestar i tunet, ein på ferie og på Skorpo for fyrste gong og ein i vikarteneste. Elles er det alltid like gildt og personleg å få koma til Skorpo på gudsteneste.

Teksten på 7. sundag i Treeiningstida var henta frå Markus kap. 5 om kvinna som slit med blødningar. Kvinna er sterk i trua. Jesus gjer eit under og ho vert frisk.

Arne Nataas er prest. Annbjørg i Vågen er klokkar. Broren Ole Kristoffer er skysskar. Sønene Nils Rainer og Nikolai Vågen er aktive i gudstenesta, preludium spela på eufonium og postludium spela på fele.

Brørne er aktive musikantar i ulike miljø og vil ha stor glede av musikken i åra framover. Nils Rainer tek til på musikklina på Stord vidargåande skule i haust. Nikolai er konfirmant til neste år.

Dei vel 20 frammøtte er både hyttefolk og tilreisande. Nokre kjem med kyrkjeskyssen, andre kjem med eigne båtar. Av dei var det nokre som rodde til gudstenesta i eigne færingar.

Etter gudstenesta vert alle inviterte inn i huset på kyrkjekaffi. Varmen gjorde at maten måtte serverast inne. Takk til familien i Vågen for varm velkomst og eit triveleg opphald.

Tekst og foto: Kristian Bringedal, www.uskedalen.no

Tilbake