Lys Vaken i Rosendal


Lys og varme i kyrkja.

 

"Tenk ja det er så bra, å tilhøyra slik ein stad". Strofa er henta frå Lys Vaken songen. På laurdagskvelden, i regn og ruskaver, kom ein gjeng trivelige 10 og 11 åringar til kyrkja. Dei fleste hadde med soveposar og tannkost. Vi koste oss med deilig varm pizza og brus. Fire av konfirmantane var med. Dei hadde laga Quiz og hadde kjekke leikar og konkurransar.

Seinare på kvelden hørte vi forteljinga om Jesus som 12-åring i tempelet. Ei gruppe laga hørespel og ei gruppe laga film om forteljinga. Alle jobba godt og resultatet vart strålande skal vi døma etter applausen i gudstenesta neste dag. Der vart hørespelet framført frå sakristiet og filmen vist på veggen framme i kyrkja. Regisørane (konfirmantane) hadde lagt til både forteljerstemme og musikk på filmen.

Lørdagsgodt høyrer med, når ein kosar seg ilag! Det vart seint før soveposane vart pakka ut og det gjekk ikkje lenge før både barn og vaksne sov "som steinar".

Tilbake