Bibelmeditasjonar


Éin tysdag i månaden kl. 20.00 vil sokneprest Kjersti Brakestad Boge denne hausten halde bibelmeditasjonar i Kvinnherad kyrkje.

Det blir veileda meditasjonar og meditasjonsteknikk. Det er innføring i gammal bibelsk meditasjon og ignatiansk mystikk. Inst inne er vi skapt i Guds bilete, til å kjenne han. Gjennom meditasjonsteknikkar kan vi nå djupare inn og kjenne på Guds nærvær i våre liv. Det er ein måte å be og lesa i Bibelen på, som opnar opp for kontakt med det heilage. Temaet for desse samlingane vil vere «Det guddommelige hjertet.» Det kan vere godt med ei stund med seg sjølv og Herren i kyrkja. Eit pusterom i ei hektisk tid, til å legge av seg uro og stress og til å søke andeleg nærvere.

I haust vil det vere bibelmeditasjonar 24.oktober, 21.november og 19.desember.

Helsing Kjersti Brakestad Boge

Tilbake