Torsdag 26. oktober kl. 19.00 kjem Sigurd Grindheim og held foredrag i Valen kyrkje.
Det er haust ute. Då er det kjekt å koma saman innandørs. Det er høve til å møtast, få ny inspirasjon og læra noko nytt. Husnes og Holmedal sokneråd har dei siste fire åra hatt mange ulike arrangement med ulike tema. Torsdag 26. oktober får me besøk av Sigurd Grindheim.
Han vil snakka om livet i Guds rike. Temaet utgår frå boka hans med same tittel. Her tek han utgangspunkt i si forsking på Jesu bodskap om Guds rike og legg fram si forståing av korleis denne bodskapen er aktuell for menneske i dag.
I foredraget vil han forklare kva Guds rike er og korleis det blir verkelegheit. Er det ein uoppnåeleg utopi eller kan vi erfare det her og nå?
Sigurd Grindheim er teolog. Han har ei omfattande forsking og forfattarskap. Han har tidlegare vore predikant, misjonær, bibeloversetjar og journalist. Han har også undervist ved teologiske institusjonar i Norge, USA og Etiopia. No er han tilsett som professor ved Høgskulen på Vestlandet.
Etter foredraget vert det servering med enkel kveldsmat og høve til ein god prat !
Varmt velkomne!
Husnes og Holmedal sokneråd
Liv Slettemark