Familiemiddag i kyrkja tysdag 28.11


Dette er eit konsept som har hatt stor suksess og oppslutnad andre stader i landet. No vil Husnes og Holmedal sokn, saman med diakonimedarbeidar Ingunn Koløy, tilby dette for familiar i kommunen vår.

Det vert middag i Valen Kyrkje tysdag 28. november. "Flexi-start" frå kl. 15.45 og fram til middagen vert servert kl. 16.30. 

Mange har travle kvardagar. Kyrkja i Kvinnherad ynskjer å legga til rette for eit tilbod med middag som ikkje skal kosta særleg meir enn å laga middag heime.

Program:
Frå kl. 1545 - 16.30 Familiar kjem, mingling, born leikar.
Kl. 16.30 Middagsservering
Kl. 17.00 - 17.30 Kort samling                                                                                                                                        
Prisar:
Vaksne kr. 50,-   *   Born kr. 25,- 
Maks kr. 100,- pr. familie.

PÅMELDING HER >>>

eller ta kontakt på 90 53 19 10 (ikkje SMS)
eller send mail til post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no

...seinast måndagen før kl. 12.00.

Har du lyst å vera med som frivillig på dette, ta gjerne kontakt.
 

Tilbake