10. og 11. september er det kyrkjeval. Dette finn stad på same tid som kommune- og fylkestingvalet. I kyrkjevalet kan ein gi røyster til bispedømerådet og det soknet som ein høyrer til. NB! I år er det også mogleg å røyste digitalt!
Etter samanslåing av Ølve og Hatlestrand sokn tidlegare i år, er det no åtte sokn i kommunen. Nominasjonskomitear skipa av sokneråda har no funne gode kandidatar til å stille til val til hausten. Det kom ingen andre listeforslag innan fristen.
FørehandsRØYSTING
Dette kan skje på kyrkjekontoret på Valen og på Rådhuset i Rosendal tysdagar og torsdagar 15. aug - 7. sept (utanom 29. aug) kl. 10.00 - 13.00 + torsdag 31. aug kl. 15.00 - 20.00 (Nasjonalt tidspunkt for førehandsrøysting).
I tillegg vert det i Kvinnherad førehandsrøysting desse stadane:
Søndag 13. aug kl. 18.00: Ølve kyrkje (etter gudsteneste)
Fredag 25. aug kl. 13.00 - 17.00: Sjøbua i Åkra
Fredag 25. aug kl. 12.30 - 14.30: Varaldsøy kyrkje
Søndag 27. aug kl. 12.00: Kvinnherad kyrkje (etter gudstenste)
Søndag 3. sept kl. 18.00: Hatlestrand kyrkje (etter gudsteneste)
Søndag 3. sept kl. 12.00: Eid kyrkje (etter gudsteneste)
DIGITAL RØYSTING
For første gong blir det dette året mogleg å førehandsrøyste digitalt til kyrkjevalet. Dette kan du gjera på www.kyrkjeval.no frå torsdag 10. august til onsdag 6. sept. Du kan lesa meir om korleis du røyster digitalt HER >>>.
OVERSIKT OVER KANDIDATAR:
Her finn du ein oversikt over kandidatar i dei åtte sokna og desse har ulike tal medlemmar, alt frå 4 til 9, og varamedlemmar frå 3 til 5. Namn er satt opp i prioritert rekkjefølgje.
Fjelberg og Eid sokn
Husnes og Holmedal sokn
Kvinnherad sokn
Uskedal sokn
Varaldsøy sokn
Ænes sokn
Ølve og Hatlestrand sokn
Åkra sokn
GODT VAL!
Her kan du sjå ein video som viser alle dei flotte kyrkjene i Kvinnherad: