Bli med og bygg Biblo!


Blir du 7 eller 8 år i år? Likar du å bygga?

 

Dette er eit tilbod til deg som blir 7 eller 8 år i 2021. Du er invitert til ei samling. Her får vi høyra likninga som Jesus fortalte om "Den gode Samaritan". Vi skal synga ilag og tenna lys. Alle får vera med og bygga Biblo. Det er ein slags lego. Etterpå leikar vi med det vi har bygd, barn og vaksne ilag. Du får med ditt eige byggesett heim etterpå. Det er gratis å delta.

Påmelding HER

Uskedal kyrkje torsdag 20. mai kl. 17.00

Valen kyrkje onsdag 26. mai kl. 17.30

Kvinnherad kyrkje mandag 31. mai kl. 17.30

Dette er ein del av trusopplæringa i kyrkja i Kvinnherad.

Tilbake