Tårnagentane i Uskedal kyrkje


Dyktige tårnagentar vart tilkalla for å løysa mysterium.

 

Då Toril og Lina (prest) kom i kyrkja laurdagsmorgon for å gjera klart til dåp på søndagen, oppdaga dei at dåpsfatet og dåpsmugga var sporlaust forsvunne. Dei kasta seg på telefonen til kyrkjeverja då det gjekk opp for dei at fleire verdifulle kyrkjeskattar var borte. Heldigvis hadde vi ei gruppe Tårnagentar som møtte opp og starta etterforsking i denne alvorlege hendinga. Dei utvalge tårnagentane kom frå Matre, Omvikdalen, Seimsfoss, Rosendal og Uskedalen.

Etter fleire timars iherdig arbeid vart mysteriet løyst og kyrkjeskattane funne att. Kyrkjeverja vart svært letta då han fekk telefon om at krisa var avverga, og gudstenesta dagen etter kunne gjennomførast som planlagt. Og for ei flott gudsteneste det vart! Sidan tårnagentane likevel var kalt ut deltok dei med mange oppgåver. Dei gjekk i prosesjon, bar inn dåpsmugga, las bøner og bibeltekstar, tente dåpslys og fortalde om skattane dei hadde funne dagen før. Bibelteksten for dagen var om den blinde Bartimeus. Tårnagentane dramatiserte mens Lina las. Vi kunne levande sjå for oss korleis møtet mellom Bartimeus og Jesus gjekk føre seg. Takk til tårnagentane for ein kjempe god innsats!

Tilbake