Fjelberg og Eid sokn, i samarbeid med Misjonsalliansen, ynskjer velkomen til Fjelbergstemnet 2. pinsedag, 29. mai.
Med unnatak av to år med korona, har det i vel 40 år vore misjonsstemne på Fjelberg i samarbeid med Misjonsalliansen https://www.misjonsalliansen.no/ (grunnlagt i 1901, og driv diakonale misjons- og utviklingsprosjekt i Bolivia, Ecuador, Brasil, Liberia, Sierra Leone, Kambodsja, Filippinene, Vietnam og Kina.)
Misjonsalliansen sin fyrste utsending – Ludvig Eriksen, budde i prestegarden på Fjelberg nokre månadar på 1880 – talet. Opphaldet her vart svært viktig. Eriksen fekk nye krefter og hjelp til å finna livsvegen vidare.
Det vert gudsteneste i Fjelberg kyrkje kl. 11.00. Så vert det sal av middag og kaffi i prestegarden før ettermiddagsmøtet i kyrkja kl. 14.00. Talar er Svein Arne Theodorsen. Mannskoret «Lovsongsbrørne» frå Stord syng både på gudstenesta og ettermiddagsmøtet. Gudstenesta vert leia av sokneprest Carsten Mrusek. Både på gudstenesta og ettermiddagsmøtet vert det høve til å gje misjonsoffer til Misjonsalliansen.
Det går ferje frå Utbjoa, Sydnes og Borgundøy med retur etter stemnet. Frå Leirvik er det sett opp ekstraskyss.
Hjarteleg velkomne til Fjelbergstemnet!
Svein Arne Theodorsen
Prost i Sunnhordland