Songarane Kari Malmanger, Mari Askvik og songar og forteljar Kjersti Morland kjem til Kvinnherad kyrkje tirsdag 2. mai kl 19.00.
>>> Link til Facebook-arrangement <<<
I leikne vokalarrangement inspirert av mellomalder, gregorianikk og slåttetradisjon får de i konsertforrestillinga Lova Lova Line høyre songarane Kari Malmanger, Mari Askvik og songar og forteljar Kjersti Morland.
Etter reformasjonen vart mange statuer, figurar og bilete av Maria fjerna frå både kyrkjerom og stover. Folketoner som omhandla Maria vart omformulerte, eller truleg forbodne å framføre. Men det finst nokre få glimt av songar og spor i folkekulturen som kan gje oss eit innblikk i kva posisjon Maria hadde i samfunnet før reformasjonen kom.
Blomane våre ber også vitnemål om kor viktig ho må ha vore. Det vert hevda at alle blomar med Maria-namn har blitt brukt til lækjedom på ulikt vis. Rosmarin, Maria nøkleblom, Maria gullsko og Marihand er nokre av dei. Lova Lova Line er ein konsert som brukar desse blomane som ein raud tråd. Med folketonar, balladar og legendene vert vi kjend med ei Maria som var nær folk i kvardag og krise.
Medverkande:
Mari Askvik - song
Kjersti Morland - forteljing og song
Kari Malmanger - song og diverse instrument
Ingrid Askvik - regi
Billettar kostar 250 kr for vaksne og 100 kr for dei under 16 år.
For tinging av billett på førehand, send e-post til info@fem-i-stein.no. Det vert høve til å kjøpe billett i døra med Vipps.