Ved gudstenesta i Domkyrkja i Bergen søndag 16. april vart Ragnhild Jepsen vigsla til biskop i Bjørgvin bispedøme av preses Olav Fykse Tveit. Ei fullsett kyrkje med nærvær av Hans Majestet Kong Harald fekk oppleva ei flott festgudsteneste.
Soknerådsleiarar i Sunnhordland i lag med Raghild Jepsen på laurdag. Frå venstre: Soknerådsleiarane Svein Lunde, Fitjar; Berta Haugland, Kvinnherad; Marta Kristin Valvatne, Nysæter; Liv Slettemark, Husnes & Holmedal; Heidi Thomassen Sjo, Fjelberg & Eid; Anders Dahl, Stord; Astrid Askeland Johnsen, Skånevik; Anne Jorunn Lindevik, Etne og Ragnhild Jepsen. Grethe Revne, Ølve og Oddrun Berge, Åkra var ikkje tilstades då bilete vart teke.
Internasjonal deltaking
Vigslinga vert leia av preses i vår kyrkje og biskopar frå dei evangelisk-lutherske kyrkjesamfunna i Norden, England og Jordan medverka. I sin tale understreka preses det fine med å bli vigsla til biskop i påsketida, i lyset frå oppstoda. Det var kvinner som fyrst kom til den tomme grava, kvinnene vart dei fyrste vitna. Preses peika på at sentralt i bispeteneste er å vitna om at Jesus lever.
Song og musikk
I gudstenesta var det mykje fin song og musikk, ikkje minst ein inspirerande salmesong. Desse medverka: Bergen domkirke sitt jentekor, Bergen domkor, messingblåsarar og domkantorane Kjetil Almenning og Sigurd Øgaard. Tingingsverket "Sunniva kongsdotter" av Knut Vaage vart framført som ei gåve til biskop Ragnhild Jepsen.
Predikant og liturg
Den nye biskopen heldt preike over dagens tekst om då den oppstadne Jesus møtte læresveinane då dei hadde vendt tilbake til fiskebåten og ikkje fått fangst, på Jesu ord fekk dei masse fisk. Biskop Ragnhild leia gudstenesta etter preika, m.a. nattverden som vart delt ut mange stader i kyrkja.
Representantar frå Sunnhordland
Til bispevigslinga vart m.a. soknerådsleiarane i Bjørgvin inviterte. Det var og ulike arrangement på laurdagen, sjå bilete. Frå Kvinnherad tok desse del: Berta Haugland, Kvinnherad; Liv Slettemark, Husnes & Holmedal; Heidi Thomassen Sjo, Fjelberg & Eid; Grethe Revne, Ølve og Oddrun Berge, Åkra.
Begeistra prost
Prost Svein Arne Theodorsen gjev uttrykk for stor glede over bispevigslinga og lunsjen i Håkonshallen etter festgudstenesta. Her vart den nye biskopen ønska varmt velkomen. Prosten merka seg med glede at m.a. kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum og barne- og familieminister Kjersti Toppe trakk fram den nye biskopen si deltaking i Moster 2024.
Biskop Ragnhild Jepsen og prost Svein Arne Theodorsen.