Torsdag 20. april kl. 18.00
"SKOTTEFRUEN" med professor i rettshistorie ved UIO, Jørn Øyrehagen Sunde.
Anna Tronds, eller Anna Rustung, var alt på 1500-talet kjent som Skottefruen. Ho var dotter av admiral og kaprarkaptein Kristoffer Rustung, og levde eit eventyrleg liv. Ho er skildra i nederlandske og skotske kjelder som både vakker og rik, og vart rekna som forlova med jarlen av Bothwell. Etter å ha rømt frå Skottland med pass frå Maria Stuart, levde ho resten av livet heller fredeleg i Bergen, tett på Seim i Kvinnherad, som var familien sitt adelssete.
GÅVE TIL KYRKJA SITT BARNE- OG UNGDOMSARBEID VED UTGANGEN
Arr.: Kvinnherad Sokneråd