På Maria Bodskapsdag, ein av dei kyrkjelege høgtidsdagane, var det dobbel høgtid i Husnes kyrkje. Då vart Åse Selsvold vigsla til prest av avgåande biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug. På Maria Bodskaps-dag minnest kyrkjelyden at ein engel kom heim til jomfru Maria og fortalde at ho skulle bli mor til Guds son og kalla han Jesus.
Det vart ei fin stund i kyrkja denne solsøndagen sist i mars månad. Klokkar Liv Slettemark kunne ønskja velkomen ei nesten fullsett kyrkje. Ho opna med å seia at dette var ein stor dag for kyrkjelyden og Åse, som har fungert som prest i Husnes og Holmedal sokn i eit par år.
Ikkje mindre enn sju prestar, med biskop Halvor Nordhaug og prost Svein Arne Theodorsen i spissen, deltok i inngangsprose-sjonen. Toril Langeland gjekk føre og bar krossen. Andre medverkande i høgtida var soknerådsleiar og klokkar Liv Slettemark, Johannes Solheim og Oddbjørg Kloster. Kantor Eva Megyesi sat ved orgelet. Kvartetten Ære song vakkert frå galleriet. Aslaug Hellesøy, Eva Megyesi, Kristian Bringedal og Svein Rimestad var med der.
Den formelle prestevigsla var del av ei gudsteneste. Prost Svein Arne Theodorsen hadde ein kort presentasjon av ordinanden, altså Åse Selsvold. Han bad for medarbeidaren i kyrkjelyden, om at ho må forkynna evangeliet sant og rett og forvalta sakramenta på beste måte. Biskopen bad også for ordinanden.
- Lat denne heilage handlinga vera til velsigning og framgang for ditt rike, sa biskopen.
Prestane Carsten Mrusek, Kjetil Kringlebotten, Torstein Aarthun og Kjersti Brakestad Boge deltok med skriftlesing.
I vigslingstalen gratulerte biskopen Åse Selsvold med den store dagen og la til at det òg er ein stor dag for kyrkjelyden. Han omtala seg sjølv som gamle-bispen og sa at det var hyggeleg for han å koma til Husnes, «der sola alltid skin».
- Eg er imponert over det arbeidet Åse har gjort, ho har gjort unna teologistudiet, dei seinaste åra har ho hatt full jobb i tillegg og dessutan ansvar for eigne born. Det vitnar om ein sterk vilje til å arbeida og følgja kallet til å bli prest. No får du svar frå kyrkja, du møter kyrkjas kall og vi trur òg det er eit kall frå Gud, sa biskopen mellom anna. Som synleg prov på at ho er retteleg prest, fekk ho fullmaktsbrev frå biskopen, med påminning om ansvaret ved forkynninga og for å forvalta sakramenta.
- Kyrkja vil be om at Den Heilage Ande vil setja deg i stand til å utføra oppgåva. Vi trur at Gud gjev nådegåver og utrustar oss til teneste, sa biskopen.
Han la til at trass i ordinanden sin sterke motivasjon og pågangsmot, vil ho òg møta motgang og kan henda bli motlaus. Så lenge du står i tenesta, har du kallet, det vil følgja deg og du kan kvila på Gud og Den Heilage Ande. Vi ber om at Guds nådegåver vil flamma opp i dag og gje deg kraft, kjærleik og visdom.
Biskopen formana ordinanden om å forkynna Guds ord reint og forvalta sakramenta på rett måte og trufast forkynna til tru og omvending og at ho sjølv må leva etter Guds ord.
Ved alteret lova Åse Selsvold biskopen og kyrkjelyden at det vil ho gjera. Prestane som deltok i handlinga la handa på ordinanden og ba for henne om at Gud må rettleia henne og vera med henne i motgang og prøvingar og at gjerningane hennar må bera frukt.
Deretter kunngjorde biskopen at Åse er retteleg kalla til å vera prest i vår kyrkje.
Så sa biskopen: Snu deg mot folket – og de kan ta imot henne med ein god applaus! Og så vart gjort. No har vi overgitt Åse til Gud, og la oss ta imot henne med glede! sa biskopen til slutt.
Så var det den nyvigsla presten sin tur. Ho entra preikestolen i Husnes kyrkje og tala med klår røyst og tydeleg språk over tekst-en på Maria Bodskapsdagen. Maria var ei ung jente, kanskje berre 14 – 15 år gammal. Det kom ein engel på besøk og fortalde at ho skulle bli mor – til Guds son. Det er rimeleg å tenkja seg at Maria fekk sjokk, kanskje var ho åleine heime då engelen banka på døra og fortalde at ho skulle få eit barn.
- Ingen kan tenkja seg at noko slikt kan skje med vanlege folk. Eg veit at dette er vanskeleg å tru på og forstå, sa den nyvigsla presten.
Legg vekk det uforståelege med jomfrufødselen, me kan berre erkjenna at i denne hendinga vart Gud menneske, ifølgje vår kristne tru kom Gud til oss i denne hendinga. Guds nåde er frigjerande, ei ungjente vart gjort i stand til å gjera det største – Guds nåde er grense-sprengjande. Tilliten Maria viste Gud overgår det meste. Ho sette livet på spel, risikerte sitt sosiale renomme, men ho tok oppdrag-et. Ho var eit heilt vanleg menneske som fekk i oppdrag å bera fram ein frelsar. Når Gud kunne bruka Maria, kan han bruka kven som helst, sa Åse.
Ho minna om at på denne dagen i 1961, då vart den første kvinne-lege presten i landet, Ingrid Bjerkås, vigsla til prest på Hamar. Ho sa i si ordinasjonspreike: Vi må læra av Maria. Lat det vera oppmodinga til oss i dag, at me får høyra at Herren er med oss.
Det kan vera vanskeleg å tru på jomfrufødselen, men hugs: Ingenting er umogleg for Gud. Ikkje tenk meir på det, var oppmodinga frå presten Åse Selsvold.
Etter nattverden baud soknerådet på kaffi og kake og det vart bore fram ei rad helsingar til presten Åse Selsvold på den store dagen hennar.
Tekst: Sjur Tjelmeland
Foto: Olav Svalland