Prestevigsling i Husnes kyrkje


Sundag 26. mars vert det ei historisk gudsteneste i Husnes kyrkje. Då kjem Halvor Nordhaug, den nyleg pensjonerte biskopen i Bjørgvin, og vil vigsla Åse Selsvold til prest.

Åse Selsvold har gjort teneste som prestevikar i Husnes og Holmedal sokn samtidig som ho har fullført presteutdanninga. No har Bjørgvin bispedømeråd tilsett Åse som sokneprest i dette soknet.

Mange gjer teneste i gudstenesta, m.a. Svein Arne Theodorsen, prost i Sunnhordland, og sokneprestane Carsten Mrusek, Kjersti Brakestad Boge og Kjetil Kringlebotten. Og Liv Slettemark, soknerådsleiar og klokkar og kyrkjeverje Torstein Aarthun tek del i prestevigslinga.

Kantor er Eva Megyesi, kvartetten «Ære» syng. Det vert nattverd og takkoffer til Bibelselskapet. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi i kyrkja, med høve til helsingar.

Alle er velkomne til gudstenesta og samlinga etterpå.

Husnes og Holmedal sokneråd.

Tilbake