Adventsmeditasjonar


På tirsdagar i adventstida kl.18.00 vil sokneprest Kjersti Brakestad Boge halde adventsmeditasjonar i Kvinnherad kyrkje.

Det blir veileda meditasjonar og meditasjonsteknikk. Det er innføring i gammal bibelsk meditasjon og ignatiansk mystikk. Inst inne er vi skapt i Guds bilete, til å kjenne han. Gjennom meditasjonsteknikkar kan vi nå djupare inn og kjenne på Guds nærvær i våre liv. Det er ein måte å be og lesa i Bibelen på, som opnar opp for kontakt med det heilage.

Adventstida er travel, og det kan vere godt med ei stund med meg og Herren i kyrkja. Eit pusterom i ei hektisk tid, til å legge av seg uro og stress og til å søke andeleg nærvere.

Helsing Kjersti Brakestad Boge

Tilbake