Søknadsfrist 31.01.23
Kvinnherad kyrkjelege fellesråd har mykje vedlikehald av bygningar og gravplassar og skal styrka staben med ein medarbeidar i 100% stilling.
Driftsavdelinga vår har oppgåver knytt til 12 kyrkjer og til saman ca 90 mål gravplass over heile kommunen. I tillegg har avdelinga og ansvar for å vera kyrkjetenar ved gravferder og andre arrangement i kyrkja. Kyrkekontoret i Kvinnherad er lokalisert til Valen, men den som vert tilsett må pårekna å arbeide over heile kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av gravplassar og kyrkjebygg.
- Deltaking ved kyrkjelege handlingar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein fleksibel medarbeidar med relevant fagbrev innan drift og vedlikehald av bygg og/eller anlegg. Relevant erfaring kan kompensere for manglande kompetanse.
Førarkort klasse B er eit krav, men det er ynskjeleg med klasse BE.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Allsidig jobb med drift og ulike vedlikehaldsprosjekt.
Løns- og pensjonsordning etter gjeldande avtalar.
Opplysingar om stillinga:
Kyrkjeverje/dagleg leiar Torstein Aarthun tlf. 95124964
torstein.aarthun@kvinnherad.kommune.no
Arbeidsleiar drift Alf Jarle Langeland tlf. 48895728
alf.jarle.langeland@kvinnherad.kommune.no
Søknad vert sendt: post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no
Søknadsfrist 31.01.23