SIKVAL torsdag 25.11. i Valen kyrkje


AVLYST p.g.a. korona-situasjonen i Kvinnherad.

 

SIKVAL står for Saman I Kyrkja VALen og er treffkveldar i kyrkjestova i Valen kyrkje tilrettelagt for vaksne utviklingshemma og opne for alle. På SIKVAL-kveldane har vi ei stund med mat og kaffi, leikar og song, høve til å fortelje om noko ein har opplevd og elles bidra med dikt, song osv. Samlingane avlsuttar inne i kyrkjerommet med song, ord for kvelden der ein av deltakarane les ein bibeltekst, stille bøn med tenning av lys i lysgloben, Fader vår og Velsigninga.

Denne gonge skulle musikkgruppa Amigos ha ein mini-konsert som del av programmet. Siste SIKVAL hadde vi rett før landet stengde ned i mars i fjor. På SIKVAL-samlingane har vi vore frå kring 50 til over 70. Så lenge 1-meter regelen gjaldt kunne vi ikkje ha SIKVAL. No hadde vi gleda oss til å møtast igjen. Men då det vart meldt om auka smitte i Kvinnherad og at ein gjerne skulle vere forsiktig med å samle folk frå ulike bygder, fann eg det best å spørje kommuneoverlegen om eit tydeleg råd angåande SIKVAL denne veka. Rådet var å ikkje samlast no og det har eg stor forståing for. Så difor er SIKVAL torsdag 25.11. diverre avlyst.

Jan Ove Totland
-leiar SIKVAL

Tilbake